Transkripsjon
Alle prosessar i levande organismer er avhengige av protein, men korleis blir protein laga?
Kva er musklar bygd opp av? Kva er det som gjer at me kan smake mat? Kva gjer oss i stand til å fange opp lys slik at me kan sjå? Svaret til alt dette er protein.
Protein kjem i alle slags former og fasongar, nokre er store, nokre er små, nokre er bærebjelkar for kroppen din, og nokre fangar opp beskjedar. Proteina har til felles at dei alle er bygd opp av små byggjesteinar kalla aminosyrer. Kvart protein har sin eigen kombinasjon av aminosyrer i ei spesifikk rekkjefølgje som gjer at proteinet kan utføre ei særeigen oppgåve i kroppen.
Men kva bestem denne rekkjefølgja på aminosyrene? Svaret er gen. Heilt grunnleggande er gen oppskrifter på protein som ligg lagra i ei kjempestor kokebok i form av DNA-et. For at oppskriftene skal komme til nytte for ei celle, må oppskrifta bli kopiert til ei form som kan transporterast ut av cellekjerna. Prosessen der dette skjer er kalla transkripsjon.
Opning av DNA-et
For at eit gen i DNA-et skal kunne kopierast, må dei to trådane som DNA består av kveilast ut og skiljast frå kvarandre. Denne prosessen minner om det å opne ein glidelås og blir utført av eit enzym som heiter helikase.
Enzymet helicase opnar DNA-et som ein glidelås
Kopiering av oppskrifta
Transkripsjon er prosessen der eit gen blir omskrive til messenger-RNA (mRNA). mRNA fraktast ut av cellekjerna og vidare lesast av proteinbyggefabrikkar kalla ribosom, til å konstruere eit protein. Til byggjinga av mRNA-et brukast nukleotid som flyt i cytoplasma. Kvart nukleotid har ein nitrogenbase som er komplementær med ein annan nitrogenbase på DNA-et. Komplementære nitrogenbasar passar saman med kvarandre som to puslespelbrikker. Når heile genet er omskriven, lausnar mRNA-et frå DNA-tråden og fraktast ut av cellekjerna.
DNA (blått) blir omskriven til mRNA (raudt)