Translasjon

Frå oppskrift til protein. 

Har du nokon gong baka ei kake du aldri har baka før, ved å følgje ei oppskrift? Då kan du kanskje kjenne igjen følelsen av det kan vere vanskeleg. Når ei celle i kroppen din skal setje saman aminosyrer til eit spesifikt protein, så klarar ikkje den heller å danne proteinet utan å følgje ei tydeleg oppskrift. 

Oppskrifta på proteinet kallast for den genetiske koden og skal byggjast i form av messenger-RNA (mRNA). mRNA er blitt danna inne i cellekjerna ved transkripsjon som er første steget for å lage protein. Kvar celle har mange små organeller kalla ribosom, desse proteinbyggefabrikkane kan lese av oppskrifta på mRNAet og bygge proteina. 

Den genetisk koden  

Ribosoma les av den genetiske koden i porsjonar, dei les tre nitrogenbasar av gongen. Dei tre nitrogenbasane som blir kalla eit kodon. Kvart kodon kodar for ei aminosyre, og rekkjefølgja på kodona i mRNA-et blir rekkjefølgja til aminosyrene i proteinet. Fleire kodon kan kode for den same aminosyra. 

 

Forskjellige kodon kodra for forskjellige aminosyrer. Aminosyrene som du ser her er teikna som rundingar i med ulike fargar.

Byggjearbeidet tek til 

Til å hente aminosyrene har ribosomet nokre små hjelparar kalla transport-RNA (tRNA). 

tRNA har to feste, eitt til ei aminosyre og eitt til kodonet på mRNA-et. Kodonfestet kallast eit anti-kodon fordi det har “motsatte” nitrogenbasar relativt til kodonet. Litt som ein nordpol og ein sørpol på ein magnet så kan ein nitrogenbase kun feste seg saman med sin motsetning. 

Etter at eit kodon er blitt avlest og det tilkalla tRNA-et har festa seg på mRNA-et, blir eit nytt kodon avlese og eit nytt tRNA kjem med ei ny aminosyre. Ribosomet limar så saman dei to aminosyrane og slik fortsett ribosomet langs mRNA-tråden til den har lest heile oppskrifta. Det ferdigbygde proteinet er no klar til å utføre funksjonen sin i kroppen, og løsnar så frå ribosomet. 

Ribosomet les av oppskrifta i mRNA-et og tilkallar tRNA som bærer på aminosyrer. Aminosyrene blir så kopla saman

Naturviten­skapens verden er åpen for nye oppdagelser!

Bestill billetter


Nyhetsbrev fra VilVite?

Hva ønsker du oppdateringer om?
Hovedsamarbeidspartnere VilVite
Samarbeidspartnere